Kultursiden
Selv om deler av skogen i Trillemarka gjennomgikk hard hogst i 1800 og begynnelsen av 1900-tallet, er det bevart kontinuitetskrevende arter (som huldrestry) i andre mer urørte deler, og biologene beskriver at urskogsnære områder forekommer, f eks ved Trihinningen, Rolihøl og nord for Hestliåsen.
Old dam at lake Skoddølvatnet used for floating timber. Even though parts of the forest in the Trillemarka area was relatively hard logged in the 1800 century and beginning of the 1900 century, several areas did escape this. There are real oldgrowth forest for example at Trihinningen, Rolihøl and north of Hestliåasen
Trillemarka var også sete for straffarbeid for folk med landssviker-dommer etter krigen. Vindolbrakka ble opprinnelig bygd for å huse disse. Det skal også finnes tufter etter en slik brakke ved østenden av Skoddøl.
På Grunntjern var det tuss
På Grunntjenn var det tuss. Det hadde vøri seter der i gammal tid, men døm måtte slutte med å ligge der, før tussen skyld. Døm laut slutte med heile seterstyren der, for var døm i fjøset seint ein kveld og mjølka, så dreiv det på og kasta mjølkestabbane, og mjølka susa i byttene til langt utover natt. Så snart noen tok opp døra og såg inn, var det stilt, alt sto der det skulle stå. Høgg døm ved seint om kvelden, ja om døm bare skulle hakke sund litt småved til å nøre i, så dreiv det og høgg heile natta etter.
(Truls Fønnin, etter Håvard Støvern)
Sigdal markedsføres som kunstnerdalen. Skredsvig og Kittilsen er kjente historiske kunstnere som har latt seg inspirere av Sigdals natur og eventyrskog. Også idag hentes inspirasjon til malerier fra Trillemarka.
Besøk maleri-utstillingen med motiver fra Trillemarka Rollagsfjell til Numedals-kunstneren Tor Einar Evju i Lyngdal.
Laagmyra Kreative - tlf 32 76 16 04 for visning av bildene i atelieret.
Han sier i introduksjon til utstillingen: "Om maleriene og Rollagsfjellet. Som en nesten urørt bit fra skapelsen, ligger Rollags østfjell mellom Numedal og Sigdal, Eggedal[...] For en maler blir følelsen av å tilhøre dette landskapet sterk, da det har alt man trenger å se og oppleve for å utvikle, forbedre håndtverket [...] I ca 25 år har dette fjellskoglandskapet fasinert og inspirert meg tilett hundretalls malerier [...] Håper maleriene kan gi deg noen små glimt av naturskatten som finnes der, ganske lett tilgjengelig i Rollags østfjell - Resten må du nok oppdage selv ved å ta en tur[...]"
Rollagsidens historie:
Even Tråen, som har skrevet bok om Numedals historie, skriver følgende i Gjesteboka om Røllagsmørkje:
Litt historie. Rollagsfjell er som Halvor Kongsjorden peikar på eit namn det ikkje er historisk belegg for.
Røllagsmørkje er nærast og bruka i bygda, men det dekkjer berre den delen av området som hørde til Prestgarden, som heiter Rollag. Kommunen har som ein da skjønar fått namn etter namnet på prestegarden.
Rollag hadde omlag 14.000 da utmark/skog, og det omfatta området frå Søråe som renn ut frå Rollagstjønn og nord til og med Skålåvatn/Putten. Øytjønn hørde med og sjølsagt alle liane opp frå bygda. Denne skogen kom på sal da prestane ikkje lenger ville vera skogbrukarar, og soleis kom dette store område på private hender.
Eigarane har skifta, og etter nokre konkursar ol kom Rollag kommune inn som eigar av omlag 10.000 da ( i sameige med Tråen nordre.) No er det igjen utskifta slik at Rollag kommune eig snøtt 7000 da. Heimeskogen (opp på høgda) er no under adm. av Opplysningsvesenets fond og er på omlag 3.500 da Rollag (prestegarden hadde fire setrar i området, ei er heilt borte, men dei tre andre eksisterar forsovidt i og med at vollane synes og at det att hus der.
Dei to langsetrane Bergestulen og Øytjønn har dei tidlegare husmannsplassane til Rollag eigedomsrett over, i sameige.
Inne i dette området har det vore folk og drift sidan Arilds tid.
Raukleiv er eit namn som viser til jønnvinning, og Brenne og Brennåsen det same. Her har vore kølmiler og skogsdrift i stort omfang.
Det låg folk på tømmerhogst inne ved Skålåvatn dei fyrste tiåra av 1900 talet, og i 1904 vart det felt ei gran i Øytjønnhalle som var på 14/15 kubikk, denne vart kjørt med hest til Laugen.
I lia under Håråsen, mot Lonin, er det blenk å sjå i granleggane enda, men kvifor dei ikkje hogg er uvisst. Nå vel - dette er eit unikt område, og eit karakteristisk trekk er all tørrfuru som står att. Dette er ein viktig biotop har eg forstått, men er truga av alle snøskuterkjørarane som ligg ute og fyrar! Denne tørrfurua skriv seg frå fleire skogbrannar på 1600 talet.
Panorama nordvestover fra toppen av Langsæterfjellet en flott junidag 01.
Vi ser Store Øytjern, med Øytjern-setra midt på bildet, og Slettefjell til høyre bak, Haranatten til venstre bak, i skygge.
Panorama Northwest from the top of the hill Langsæterfjellet a nice day in June 01. We see lake Big Øytjern, with the summercabin Øytjernsetra at he centre in the picture, and hill Slettefjell at the right in the background. Hill Haranatten to the left, capped in shadow
Even Tråen kan videre opplyse om historisk hogst ved Nyset;
Det er etterlyst "historisk" hogst i Nysethøgde.
I 1747 vart det ein brå flaum i Laugen slik at brøtningen vart stoppa av Holtzførsterane/leiinga ved Sølvverket. Ei mengd tømmer og ved reiste forbi Stadshengslet Kongsberg og det førte til tap sjølsagt. Det vart viktig å finne årsaken til flaumen og tapet, så det vart nedsett ein kommisjon som reiste oppover dalen for å undersøke. Det dei lura på var om uforsiktig bruk av damvatnet kunne hatt noko å seia for vasmengdene. Dei som var med på brøtningen vart utspurt med omlag 20 standardspørsmål.
Holtzførster Tord Fekjan (Fikken) i Rollag var sentral da han hadde gitt alle ordrar om damopning ol. Langevassåe og Tondra var dei viktigaste vassdraga på austsida i Rollag det året. Her vart det fløtt ut både tømmer og ved viser det seg, og virket vart frakta i flåtar over Myklevatn og Låkåsetvatnet. Det var opptil 9 mann på kvar flåte så det var dimensjonar over det. Mange mann var såleis i arbeid, men kor mykje som var gått ut før dammane vart stengde visste ingen. Derimot på spørsmål om kor mykje som låg att, vart det anslått at rundt 1200 tylter (ei tylt er 12 stokkar) låg att ved Myklevatn/Låkåset. Altså ved Tondra vasdraget. 1200 tylter er 14400 stokkar. No var vel dette både ved og tømmer, det er ikkje skilt på det. Og som sagt kor mykje som reiste i brøtningen veit ingen. Men 14400 stokkar er mange tre, så at drifta har hatt store dimensjonar er utvilsomt.
Det er ikkje råd å vita sikkert, men det er lett å tenkje seg at Nysethøgde var hoggen på den tida, skogrik som ho var/er. Og ein stad måtte dei finne alt dette virket, og når dei frakta i flåtar over Myklevatn så er det ikkje mange andre stader enn i Nysetlie det er mykje å ta av.
Det er tett skog ved Ristjønn og ein må tru at mykje kom derifrå også. Men som sagt for å få ut kanskje borti 20000 stokkar rundt Myklevatn så seier det seg sjøl at dei tettaste bestandane vart rørt ved.
Dette var eitt år, 1747. Når vi veit at leveransen til Sølvverket var stor kvart år(om enn ikkje i same områda) så er avvirkninga enorm. For å sprenge ein kubikk fjell gjekk det med fire kubikk trevirke! Og tenk på alle gruvegangane.
Så er skogbrannane nemnde. Presten Knud Winter skriv i kallsboka si i 1664 at dei ikkje såg sola på 30 dagar "formedelst" røyken frå brannen. Og dei levde i sterk uvisse fordi dei ikkje visste om dei hadde tak "offuer hofudit" den neste dag. Denne brannen er sagt å gå frå Lurdalen ved Kongsberg og like til Tunhovd. Og så skriv Knut Hoff i Rollag Bygdebok b II under Rollag (prestegarden) at det var fleire brannar desse åra etter 1660.
Halvor Kongsjorden fra Rollag skriver følgende i Gjesteboka, om skogshistorien omkring Nyset:
For omlag 300 år sidan vart hogstretten skild frå grunnen og seld til grunneigarar i Sigdal. Dette gjeld skogen aust for Lislevatn, Låkasetvatnet og Myklevatn, og tilsvarende breidde nordover. Grunnen til denne overdraginga veit eg ikkje, men det kan ha vore økonomiske eller praktiske grunnar (t.d. at det var lettare å fløyte tømmer i Nedalsvassdraget enn i Tondra og Langevassåe). I dei seinare åra har hogstretten vore eigd av familien Strand i Sigdal/Modum.
For eit års tid sidan fekk grunneigarane kjøpt tilbake hogstretten, slik at alle grunneigarrettar no er på dei same hender.
I dei siste åra før tilbakesalet var det tildels hard hogst rund Mesetre, på begge sider av Størrdalen, rundt Gamleseterdalen, ved Svartetjønn og fleire felt i Nysethøgde. Rundt 1970 var det hogst heile vegen mellom Låkåsetvatnet og Gamleseterdalen, mest på NV-sida av dalen.
Tidleg på 1920-talet vart det teke ut 2000 kbm svilletømmer i hogstrettområdet på Rollagssida. Dette var fjellfuru i 3 meters lengde og med eit visst toppmål. Denne hogsten dreiv ein med i omlag 3 års tid, og plukka skarvefuru over Åsethaugan, Nysethøgde og nordigjennom. Det ligg restar av ei gammal køyte(koie) i Tjønndalen. Kanskje den stammar frå denne hogsten?
Kva som har skjedd av hogst tidlegare kjenner eg ikkje til før ein kjem tilbake til 1747 og den hendinga Even skriv om.
Det vart rundt 1730 skrive kontrakt om uttak av tømmer frå "Lauvåsen" som Nysethøgde heitte i den tida. Truleg var det furu som sto att - levande eller daud - etter brannen/brannane nokre tiår før.
At ein kalla det Lauvåsen tydar vel på at brannen hadde gjort kort prosess på barskogen, og at lauvskogen regjerte delar av åsen, om ikkje heile. Kva som skjedde før brannen i 1661(?) veit eg ikkje, men det gjer truleg ikkje mange andre heller. Ein eller annan gong i denne perioden (kanskje Even eller andre kan tidfeste det) vart Nyset bygd og teke i bruk. Då måtte ein sjølvsagt rydde vollen, hogge bygningstømmer, og ikkje minst trengte ein mykje ved til setringa.
Likevel er det vel rundt Nyset det er mest grov skog og læger i Nysetlie.
Even Tråen skriver:
Litt meir historie: Eg har vore inne på den gamle blenken i lia vest for Skålåvatn i eit tidlegare innlegg. Det viser seg å vera blenk frå 1935/36. Den gongen vart det planlagt hogst over heile Rollags-skogen, men dei fekk ikkje hoggarar til drift så langt inne. Så det vart berre hogst ved Øytjønn. Harald Gladheim var formann i styret for kommuneskogen og han fekk Berganbrørne i Veggli til å hogge. Dei hogg omlag 350 kbm i Øytjønnhalle. Det vart også hogge omlag 150 kbm i Gaulsdalen, der var (spelemannen) Ola Bråtån hoggar. Samstundes vart det hogge ikkje så lite i Langseterlie. Der hogg Kittil Hanseplassen og Håkon N. Tråen. Dei "kippa" til Rollagstjønn og tok det att der seinare og køyrde til Laugen. Seinare er det ikkje hogge noko mengder så langt inne. Men heimover ved Rollagstjønn, Kløvdalen ol er det hogge langt seinare. Hoggarane låg på Øytjønn og i Kalveløkbue. Det var dårlege vinterhus, så vinteren (når han kom og kor kald han var) som bestemte lengda på hogstsesongen.
Opplyst av Håkon O. tråen 16.06.02 Even Tråen